Du har heilt sikkert sett dei, du òg. Dei som sit med nasen ned i ein skjerm dagen lang. Dei les, spelar, lyttar, snappar, skriv, chattar, hashtaggar, ser ein film eller berre surfar rundt på nettet – kan hende til og med heilt utan mål og meining. Nokre gonger verkar det som skjermen er ei forlenging av armen – og han kan ikkje leggjast ned, for tenk om ein går glipp av noko viktig!

Kva viss skjermen kunne setjast fast på kroppen – til dømes på tommelfingeren? Hadde ikkje det vore praktisk? Menneska vi treff i den vesle byen i denne boka, har nettopp det – ein  «Tommeltitter» rett og slett. Dei kan vere pålogga non-stop frå dei vaknar til dei legg seg, på alle stader og heile tida. Dei treng eigentleg ikkje vere saman med andre menneske i det heile tatt, for dei har jo tommelen sin.

Likevel er ikkje livet heilt perfekt for desse menneska. Dei veit det kan hende ikkje sjølv, men når det kjem ein framand mann utan «Tommeltitter» til byen gjer han – og hunden og tusjane han har med seg – enorm skilnad i liva til dei som bur i den vesle byen.

Og skjermane? Dei er det nesten ikkje behov for lenger når mannen reiser att.