Det er ikkje alltid lett å vere 15 år. Når ein i tillegg er forelska, i konflikt med besteveninna si, har skilde foreldre (der den eine skal starte ny familie) og dessutan har ADHD, så kan kvardagen bli utfordrande.

Det bygger seg opp i meg. Som tetrisklossar legg det seg lagvis i magen, høgare og høgare, og eg forsøker å stoppe det. […] Eg vil vere Synne. Ikkje Sinne.

For Synne, hovudpersonen i denne boka, er kvardagen slik. Ho har nettopp starta på ungdomsskulen. Der er det ikkje alltid ho klarer å halde kontroll på kjensler og temperament, og det skjer ofte at ho blir sinna på både klassekameratar og lærarar. På grunn av dette må ho ofte snakke med rådgivaren på skulen, og spørsmålet om ho skal byrje med medisin for å få meir kontroll, er noko ho både pratar med rådgivaren om, og som ho tenkjer mykje på sjølv. På grunn av utbrota ho har på skulen, blir ho kalla «Sinne» av andre elevar, og det gjer ikkje saka betre. Nokre elevar tar også kallinga eit steg vidare.

Eg må lese det tre-fire gongar før eg forstår kva som står der. ADHORE.

Heldigvis har ho besteveninna Torunn i klassen. Dei har kjent kvarandre lenge, og Torunn er viktig for Synne. Problema oppstår når dei begge blir forelska i same gut, og når Torunn får ei ny veninne i influencaren Kine, som tek mykje av den tida Synne og Torunn har hatt saman tidlegare.

Det putrar raudt inni meg, eit vulkanutbrot er nær.

I denne boka treff vi Synne i kvardagen hennar, og vi får vere med på mange viktige opplevingar og avgjerder. Boka handlar om utfordringar ungdom kan møte i det daglege, både når det gjeld familie, vener, kjærleik og det å leve med ADHD, og ho passar for deg som liker å lese om korleis kvardagen kan vere på godt og vondt.

God lesing!

 

 

Skrevet av Therese Vestnes