Vonde blomar

Novelle  •  Voksne

Vonde blomar : noveller

Gunnhild Øyehaug

2020

Lån boka

Tilgjengelig som:

Anbefaling fra et annet bibliotek

Morosame noveller som tek deg med til eit absurd univers!

Vonde blomar handlar om kjærleik, død og opprør og inneheld rare og morosame noveller som tek deg med til Gunnhild Øyehaug sitt absurde og urealistiske univers. Kva skal du gjere når du plukkar blomar som er vonde og gjer at du ramlar i trappa? Eller kva skal du seie i opningstalen din når det nye museet har sokke i jorda? Og kva skal du gjere når alt du tek i blir til slimål? Den eine novella kan godt kommentere den førre. «Vi vil med dette levere ein skriftleg protest på den førre teksten. Vi vil protestere mot at det endar med at den gamle dama er tørst og ligg og ventar…» Gunnhild Øyehaug skriv lett og leikent.

Om boka

Dette er ein novellesamling om kjærleik, død og opprør, om å bli verande den same eller gjennomgå metamorfose. Nokon må finne ut kva dei skal gjere når dei plukkar vonde blomar, og nokon må finne ut kva dei skal seie i opningstalen til det flunkande nye museet deira som har sokke i jorda. Nokon har lengta etter å besøke dei hvite klippene ved Dover, men no er dei død. Gunnhild Øyehaug er universitetslektor i litteraturvitskap og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har blitt tildelt fleire prisar for bøkene sine, mellom anna Bergensprisen for novellesamlinga «Knutar» (2004). Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgaver