Lån boka
Om boka
I denne boka står det om livet. Om å vekse opp i det nordlige Chile som son av den norske gruveingeniøren Arthur Andersen og den chilenske hushjelpa Nativida Galindo. Om å overleva militærkupp, om å bli overflødig. Dette er ei fortelling om å leita etter paradis på jord, om jakta på opphav og farsarv, på bror og søster. Det er ei rise nordover og bakover, frå gruvesamfunnet i Chile, over halve kloden, til Sagene lunsjbar, Ibsensenteret, den norske regnkysten, det djupe innland, til botn av ei tjørn, til hjarta av Europa. Dette er Kjartan Fløgstads første roman på fire år. Det er ein overraskande slank og stram roman, på berre 218 sider, ganske annleis enn den forrige romanen hans. I følge forlaget er dette ei endefram historie, medrivande og fantastisk, som grip tak i lesaren frå første side. Det er fortellaren Kjartan Fløgstad som slipp seg laus i denne boka.