I denne boka lar forlaget lyrikken og fysikken møtast i nordlyset, eit møte dei vonar skal gje inspirasjon til lesaren om å søkje ei samkjensle i denne himmelflammen som naturen har gjeve oss. Så lenge ein ser nordlyset gjev det alltid von om ei lysare tid framom vinteren ein stad. Brekke fortel om mytar, segner og historie som er knytte til nordlyset. Asgeir Brekke er dr. Philos og professor i kosmisk fysikk ved Universitet i Tromsø. Han har arbeidd med nordlysforsking i over 25 år og har drive observasjonar frå Svalbard, Nord-Norge og Alaska. Dagfinn Bakke er teiknar, målar og grafikar. Samandrag på engelsk. Illustrert med akvarellar av Bakke. Ca.