Frå 1400-talet til rundt 1700-talet vart 100 000 kvinner og menn stilt for retten skulda for hekseri og trolldom i Europa. Av desse blei rundt 50 000 avretta. I Noreg blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle. Heksene vart hengde eller halshogne, men oftast brende. I denne boka blir me kjende med hekser som Jeanne d'Arc, tyske Merga Bien, dei norske heksene som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. I tillegg får ein historia om den aller verste av hekseprosessane i Finnmark. Framleis er det land som brenner hekser. Sakprosa for mellomtrinnet/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.