Lukas gjer alltid noko galt, og pappa må kjefte på han. Lukas trur at mora kanskje er meir glad i veslesøstera Alma. Bestevenen Nico er heller ikkje så grei alltid. Men ein dag møter Lukas ein gut med ei svart kråke som kjæledyr. Lukas lurar på om alt kan bli annleis dersom han og får seg ein fugl. Dette er ein poetisk historie full av håp og sårheit, om å ikkje passe heilt inn og om å måtte finne sin plass i verda blant vener og familie. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.