Eit møte mellom biletet og ordet er det grunnleggande i denne samlinga med skjønnlitterære tekster og naturfoto. Boka omfattar heile Nord-Norge, frå Finnmark til Helgeland og forfattarane er mange, frå Peter Dass og Knut Hamsun til Lars Saabye Christensen og Herbjørg Wassmo. Her er dikt, songar, romanutdrag, noveller og epistlar av ulike slag, og tekstutvalet har eit siktemål: det skal gi lesaren sterke og direkte inntrykk av nordnorsk natur og miljø, livsmåte, livskjensle og karakter. Her er lys og mørke, spenning og dramatikk. Hovudfotograf er Ola Røe. 144.s, ill., ib. Forhåndsomtale.