Det er ein bølge over oss! Ein sørkoreansk ein. «The Squid Game» er for tida den mest strauma serien i verda, og spelefilmen Parasitt vart ein stor hit og toppa det heile med ein Oscar i 2020. For beste film! Det er første gongen, og på høg tid, ein ikkje engelskspråkeleg film vinn den kategorien. Dette er ei kumulering av ein jamn straum av bra film frå Sør-Korea dei siste 20 åra. Betrevitarar som meg har til og med gjeve det eit namn, «Korean New Wave». Filmar som blandar alle slags sjangrar og tema, og er både høgt og lågt. Som ikkje går av vegen for å bryte opp den tradisjonelle fortellarstilen og erstatte han med noko, ja, du veit aldri heilt.

Sørkoreansk film er ofte satirisk med ein solid dose mørk og til tider crazy humor. Personane i filmane er karikerte stereotypar og antiheltar som representerer ulike sider ved samfunnet. Motsetnaden mellom sosiale lag er framtredande og familie står sentralt, som i mykje anna asiatisk film.

I enkelte filmar kan valden vere tydeleg. Han er ofte karikert, overdreven og i ein klar kontekst eller samanheng (den tydelege samfunnskritikken i til dømes Squid Game), noko som eg meiner gjev publikum ein kritisk distanse til det dei ser. Men vald i film er ein lang diskusjon og her kan nok meiningane vere delte.

Det er dessverre få sørkoreanske og asiatiske filmar tilgjengeleg for strauming. Det er synd. Austasia og Iran er sentrale når ein skal snakke om film dei siste 20 åra. Men noko er det! Her er 5 av mine favorittar frå Sør-Korea:

«Castaway on the Moon»

Ein variant av «Robinson Crusoe» og «Cast Away», eit moderne eventyr om framandgjering og einsemd i byen. Både rørande, morosam og absurd. P.S. noko for romantikaren også, sjølv om du kaaanskje bør gå for «Notting Hill» på første date.

Lån filmen frå hylla:

https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=110260

 

«The Handmaiden»

Park Chan-Wook er kjent for sin trilogi om hemn («Oldboy» er på Cineast). I «The Handmaiden» viser han seg frå ei anna side, sjølv om mange av kjenneteikna frå tidlegare filmar er til stade. Eit kostymedrama fullt av begjær, spenning og stadig nye vendingar. Du sit på kanten av stolen, samstundes som filmen triggar eit vidt spekter av kjensler. Ein av dei beste filmane frå det siste tiåret.

Lån filmen på Cineast

https://www.cineast.no/no/library/185/title/719

 

«Barking Dogs Never Bite»

Heldigvis har mange av Bong Joon-Ho sine filmar blitt tilgjengeleg etter Parasitt. Det er mykje å ta av, men eg vil slå eit slag for «Barking Dogs Never Bite», som har mange parallellar til Parasitt. Her har huset blitt bytta ut med ei bustadsblokk, som representerer ulike lag i samfunnet. Om streben etter å klatre i den sosiale rangstigen og kva du er villig å ofre for det.

Lån filmen på Cineast:

https://www.cineast.no/no/library/185/title/3897

 

«I Saw the Devil»

Ei emosjonell berg og dalbane av ein film som kastar oss publikum mellom mordaren og hemnaren. Ein mørk og valdeleg film.

Lån filmen på Cineast

https://www.cineast.no/no/library/185/title/380

 

«Burning»

Eg hadde gått for Lee Chang-dong sin «Poesi», men filmen er desverre ikkje tilgjengeleg på strauming. «Burning» er den etterlengta oppfølgaren, også her med ei forsvinning og drapssak som bakteppe. Eller? Klasseskilnad står sentralt, Motsetnaden mellom han som streber og han som har alt. Ein visuelt vakker film som beveger seg i eit nesten draumeaktig landskap.

Lån filmen på Cineast:

https://www.cineast.no/no/library/185/title/2321

 

 

Tekst: Esben Nedrebø. Bilde: Unni Kasteng-Jakobsen