Graut, marsipangris, blinkande ledlys og julefilmar. For mange har enkelte filmar blitt ein viktig del av juletradisjonen. Men kva kjenneteiknar ein julefilm? Nokre ingrediensar er sjølvsagte. Handlinga er i jula og omhandlar tema som tradisjonelt er knytt til høgtida. Familie, tradisjonar, det å kome heim på ferie, romantikk og nestekjærleik. Vi har fått ein eigen sjanger som reindyrkar dette, mellom anna tv-filmar på kanalar som Hallmark i USA og Fem og TV2 livsstil her i Noreg; filmar som følger ei fast oppskrift med vekt på romantikken.

Men julefilmar er langt meir enn det, inkludert ein del filmar som ikkje vart laga med jula i tankane. I dag er det derfor meir treffande å snakke om filmar som passar i høgtider. I USA har ein både jul og Thanksgiving. Eit kjenneteikn for mange av desse filmane er det engelske uttrykket «rewatchable»: Slitesterke filmar som du kan sjå om att og om att utan å gå lei. Det at ein film passar for heile familien, er også viktig.

TV-kanalar har ofte lagt premissane for kva som har blitt tradisjon. Det er berre å ta dømet med «Tre nøtter til Askepott»; ein obskur tjekkisk film som NRK bestemte seg for å vise på 70-talet, og som har blitt ein viktig del av julaftan for mange. Det er ikkje like lett å etablere ein tradisjon etter at straumetenestene gjorde inntog, og i dag er det meir samansett kva folk ser på. Dei siste tiåra har vi også «importert» mange tradisjonar frå USA, inkludert julefilmar.

Det er i alle fall mykje å velje mellom og noko for alle. Her kjem fem filmtips for høgtida. God filmjul!

Livet er vidunderlig

Eg kjem i julestemning av gamle svart/kvitt-filmar. Dei har dessverre blitt sjeldne å sjå på norsk fjernsyn. Slik er det også med «Livet er vidunderlig» som like fullt har blitt populær dei siste åra. I USA er filmen ein viktig del av høgtida, spesielt etter at han vart «public domain» (kostnadsfri å vise) på 60-talet. Regissør Frank Capra såg ikkje på «Livet er vidunderlig» som ein julefilm, men i dag har filmen fått status som ein av dei aller fremste: Ein hjartevarm film med universelle tema som rører folk i mange aldrar.

Sjekk også ut «Miracle on 34th street», «The Shop Around the Corner»

Lån på Cineast: https://www.cineast.no/no/library/185/title/1267

Tokyo Godfathers

Animasjonsfilm høyrer jula til. Denne ukjente perla får verkeleg fram den gode julebodskapen om nestekjærleik og det å vere medmenneske. Gin, Hana og Miyuki, som på kvar sin måte lever på sida av samfunnet, finn ein baby på julaftan og legg ut på ei kronglete ferd for å finne mora. Regissert av Satosji Kon som også står bak klassikaren «Perfect Blue».

Sjekk også ut «The Nightmare before Christmas»

Lån «Tokyo Godfathers» på DVD: https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=113262

Dødelig våpen

«Die Hard» har blitt den store actionfilmen i jula. Og det er ikkje rart! Men kva med å prøve ein av dei andre sentrale actionfilmane frå 80-talet? Den ultimate Buddy Cop-filmen «Dødelig våpen» har ein perfekt balanse mellom humor og action, og eit alvorleg bodskap i botn: Om einsemd som vert ekstra tøft i jula og det å høyre til.

Sjekk også ut «Die Hard», «Kiss Kiss Bang Bang», «The Long Kiss Goodnight».

Lån «Dødelig våpen» på DVD: https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=113261

Gutter er gutter

Eg er overraska over at «Gutter er gutter» ikkje vert oftare nemnt i høgtida. Men det skal vere sagt, han går ofte på fjernsynet. Eg er ein sucker for filmen og kan sjå han om og om igjen. Sjarmerande, rørande artig, romantisk og litt offbeat om ein ungkar og julehatar som ikkje heilt frivillig blir dratt inn i farsrolla.

Lån «Gutter er gutter» på DVD: https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=113267

Gremlins

Joe Dante sin klassiske grøssarkomedie om Billy som får ei spesiell julegåve med ein ikkje heilt heldig verknad når den same gåva vert eksponert for vatn. Plutseleg er det opp til Billy å redde jula og småbyen frå nokre små beist.

Lån «Gremlins collection» (1 og 2) på DVD: https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=110489

 

Tekst: Esben Nedrebø