I haust har Lofoten filmklubb fleire dokumentarfilmar på programmet: Den lune og nostalgiske Talking about Trees, animasjonsfilmen Flukt, før vi avsluttar med They Shall Not Grow Old, Peter Jackson sin rekonstruksjon av lyd og bilete frå 1. verdskrig. Tidlegare har vi vist Gunda, eit vakkert og gripande portrett av ein gris. Ja, ein gris!

Dokumentarfilmsjangeren har aldri vore meir spennande og mangfaldig, og dei siste tiåra har fleire filmar utfordra reglane på kva ein dokumentar skal og kan vere, både i form og innhald. Nokre dokumentarfilmar går til og med aktivt inn i handlinga og spelar sjølv ei rolle. I filmen!? Slik gjer ein vala og virkemidla til dokumentaren synlege for oss. Val og verkemiddel som påverkar synet på det vi ser.

I eit stadig meir polariserande ordskifte ser vi ofte dokumentarar som stadfester meiningar i staden for å utfordra dei. Jipp, omtrent som feeden min! Difor er det viktig med dei som shaker ting opp, problematiserer sjangeren og gjer oss tilskodarar meir medvitne.

Eg har plukka ut fem dokumentarfilmar som nettopp gjer dette. I tillegg er dei nokre av dei beste filmane frå det siste tiåret, uavhengig av sjanger. Eg slår sjølvsagt også eit slag for gratisprinsippet. Du kan låne samtlege filmar gratis på Meieriet bibliotek!

 

The Act of Killing

Allereie ein moderne klassikar innanfor sjangeren. Tidlegare torturistar frå folkemordet i Indonesia gjenskaper torturscener, og skryter av det, i det som etter kvart vert eit surrealistisk helvete frå eit land som aldri har tatt eit oppgjer med fortida. Sjekk også «oppfølgaren» The Look of Silence som har fokus på ofra for folkemordet.

Lån filmen på DVD. https://vestvagoy.bib.no/cgi-bin/m2?tnr=94474

The Imposter

Ein thriller av ein dokumentar som også leikar med sjangeren «True Crime». Kva er sant og usant, kva gjer tap og sakn med minna våre.

Lån filmen på Cineast: https://www.cineast.no/no/library/185/title/572

Exit Through the Gift Shop

Banksy+mocumentary = sant. Ein perfekt match for ein artist som ingen veit kven er i denne mocumentaryen eller fiktive dokumentaren. Eller er det ein dokumentar? I denne hysterisk morosame filmen må ein virkeleg halde tunga rett i munnen.

Lån filmen på Cineast: https://www.cineast.no/no/library/185/title/350

20 000 days on earth

Eg ser min dose musikkdokumentarar. Ofte er dei skuffande og står i kontrast til dei interessante artistane dei portretterer. Men ikkje 20 000 days on Earth! Ein vakker og tankefull dokumentar som kler Nick Cave, men som også er open på at artisten spelar ei aktiv rolle i måten han vert framstilt på. Ein must, også for dei som ikkje har noko forhold til Nick Cave.

Lån filmen på Cineast: https://www.cineast.no/no/library/185/title/478

Tickled 

Eg er over snittet glad i redaksjonsfilmar (les gravande journalistikk) og dokumentarar som tar vendingar ingen hadde venta. Tickled har båe delane, i tillegg er han svært underhaldande og spennande. Popcorn time! Det som i utgangspunktet skulle vere agurknytt om unge menn som vert kitla i videoar (?!) på internett, ender opp i dei mørkaste avkrokar av det same nettet. Tickled seier mykje om den fascinerande og skumle dynamikken på internett, men også verdien av godt journalistisk arbeid, det å stille kritiske spørsmål og aldri gje seg i jakta på sanninga.

Lån filmen på Cineast. https://www.cineast.no/no/library/185/title/1371

 

Tekst: Esben Nedrebø

Bilde: Unni Kasteng-Jakobsen