Vi har vore der, mange av oss. Vi har vore unge og forelska. Og ikkje berre forelska, men FORELSKA. I ei(n) som ikkje visste at vi fanst. Eller, det gjorde dei nok, men dei var ikkje interessert i oss på det viset. Og det visste vi sjølvsagt. Altfor godt.

Den kjensla, der ein er så forelska at alt anna i verda blir uviktig, har ikkje eg kjent på på mange år. Ikkje før eg las Dette blir mellom oss av Alexander Kielland Krag og  Fra du så meg av Eldrid Johansen. Då var eg med eitt tilbake hos «ungdomsskulemeg» for ei lita stund. For når hovudpersonene i desse bøkene fortel om korleis forelskinga med stor F kjennest, så hugsar eg det så alt for godt. Begge desse forfattarane beskriv nemleg godt korleis det kjennast å forelske seg hovudstups.

Vi snakker ikke sammen på tre dager. Det gjør vondt.

Desse orda kjem frå Felix – hovudpersonen i «Dette blir mellom oss». Han er avstandsforelska i Nikolai som går på same skule. Han synest ikkje det er enkelt at det er ein gut han er forelska i. Ingen av venene hans veit at han er homo, og då er det ikkje berre å snakke om den ein er forelska i. Han veit jo ikkje om Nikolai likar gutar heller. Han har høyrt et rykte, men skal han våge å tru at det er sant?

Om du bare var en jente. Da ville jeg ikke behøve å tenke på om jeg er i ferd med å røpe meg.

Felix trur altså det hadde vore lettare om det var ei jenta han var forelska i, men er kjærleiken eigentleg så mykje lettare berre for at ein er forelska i ein av motsett kjønn? Kan hende  kan kjenslene bli krevjande av andre årsaker òg?

! Fra du så meg treff vi Karen, som blir forelska når ho skal vere eit år på folkehøgskule. Ho blir, som Felix, stormande forelska.

Bildet av ham er alt det er plass til i hjernen min. […] Alt i meg vil opp. Vil starte dagen. Fylle den med ham.

Til skilnad frå Felix opplever Karen å få vere saman med den ho er forelska i, men samstundes må forholdet vere gøymd for alle andre. Ho og han møtest berre i skjul, og dei kan ikkje sende meldingar til kvarandre, og ho kan ikkje følgje han i sosiale media. For Fred, som ho er forelska i, er ikkje ein av medelevane  – han er læraren hennar, han er gift, han har barn, og om det kjem ut at dei har eit forhold, vil det få store konsekvensar for han. Karen er overtydd om at det likevel skal bli dei to når skuleåret er ferdig, sjølv om tvilen ofte er der når han gjer ting ho ikkje heilt har kontroll på.

Ingen må mistenke oss. Likevel verker det helt ubeskrivelig. […] Tenk om han ombestemmer seg?

Fra du så meg er inspirert av ei sann historie.

Når eg les denne boka blir eg med ein gong veldig mistenksam når det gjeld Fred sine intensjonar med Karen. Som vaksen klarer eg ikkje å tru på at han faktisk har tenkt å forlate kone og barn til fordel for ei jente i klassen der han er lærar, og ein stor del av spaninga i boka ligg for min del i om eg skal få rett i dette eller ikkje. Samstundes trur eg at om eg hadde lese ho då eg var tenåring, ville eg ha møtt boka og karakterane på ein heilt annan måte.

Å vere forelska kan vere heilt fantastisk. Det kan òg vere heilt jævlig. Eller kan hende noko midt i mellom. Om du vil kjenne litt på ungdomsforelskinga igjen, kan du finne ho i desse bøkene.

God lesing!

 

Skrevet av Therese Vestnes