«Har du lese ei god bok i det siste»? er eit spørsmål eg har fått mange gonger etter at eg byrja å jobbe på biblioteket. Og det er ikkje berre på jobb eg blir spurd. Også privat dukkar spørsmålet oftare opp etter at eg fekk jobben der det er forventa at ein les haugevis med bøker. Svaret mitt er alltid «ja», for eg les mykje, og gode bøker er det mange av! Likevel ser eg av og til noko eg undrast over: Om det er ein vaksen som spør – det vere seg ein ven, ein lånar, ein kjenning eller andre, og mitt «ja» blir følgt av «du finn ho på ungdomshylla», så er det ikkje alltid boka er så interessant likevel. Kvifor er det slik? Er det slik at hovudpersonen er så ung at ein ikkje kan identifisere seg med han, eller er det temaet som rett og slett blir for ungdommelig? Eg veit ikkje, og eg finn det kan hende aldri ut heller. Trass i dette ynskjer eg å slå eit slag for at mange av bøkene på ungdomshylla kan (og bør?) lesast av vaksne òg. Der er like mange interessante tema og spanande personar å fordjupe seg i her som blant vaksenbøkene.

Her er tre døme frå leselista mi dei siste månadene.

 

Lappjævel av Kathrine Nedrejord

Samiske Samuel må byrje på norsk internatskule langt frå heimplassen. På skulen er det ikkje lov å snakke samisk, og Samuel kan ikkje norsk. Den nye kvardagen blir ikkje lett for han, dei andre borna er ikkje snille med han, og han saknar dei heime. Til slutt får han nok og rømmer, men kor skal han ta vegen?

 

Hesteguttene av Johan Ehn 

Sasha og Jaken veks opp på ein barneheim i Tsjekkoslovakia på 1920–talet. Dei driv med akrobatikk på hesteryggen og er svært gode. Når dei blir større, rømmer dei med eit omreisande sirkus, og forstår etter kvart kva dei eigentleg kjenner for kvarandre. Til slutt endar dei opp i Berlin samtidig som nazistane kjem til makta, og det blir farleg for dei å vere seg sjølve ute blant folk.

Parallelt med historia om Sasha og Janek får vi høyre om 29 år gamle Anton som byrjar i ein jobb i heimetenesta i Stockholm i notida. Gjennom jobben treffer han 98 år gamle Sasha, og gjennom dei bileta og breva han finn i husværet til den gamle mannen, blir han interessert i fortida til mennesket han har framføre seg, og han byrjar å nøste.

 

Høgspenning livsfare av Helene Guåker

 

Lea bur aleine på hybel i byen der ho går på vidaregåande. Ho har ingen vener der, og heime ligg mora berre i senga fordi ho er psykisk sjuk. Lea vil så gjerne at mora skal stå opp, men same kva ho seier og gjer, så blir mora liggjande. For å takle kvardagen, ender Lea opp med å bli til ein anna person på skulen og ute blant folk. Ho blir til Vilde, og Vilde er både morosam og kul, får seg venar og til og med ein kjærast. Å leve to parallelle liv blir vanskeleg i lengda, for same kor mykje Lea vil vere Vilde, er ho likevel alltid Lea – med Lea sine utfordringar i botn.

 

Slik eg vurderer det, vil alle desse bøkene appellere like mykje til vaksne lesarar som til ungdom.  Dei fortel alle ei historie som etter mi meining fortener eit breitt publikum.

 

 

Tekst: Therese Vestnes     Bilde: Kristin Granhus